Eg er ikkje sikkar på kva eg vil bli. Men eg har veldig lyst til å bli dyrlege/veterinær og jobbe med dyr. Men eg er ikkje sikkar på om det bare er ein ”barnedrøm” eller om eg faktisk vil det når eg blir eldre også… Men det høyres veldig kjekt ut. Dersom eg skal bli dyrlege/veterinær, så vil eg jobbe med smådyr som katter og hundar og slike dyr.
Når vi var med nokon på jobb i 8.klasse, var eg med naboen min på jobb. Han er dyrlege. Men han jobbar med kyr, gris og sau og slike dyr.
Dersom eg skal bli dyrlege må eg gå på Studiespesialisering i 3 år, og etterpå må eg gå på ”vetrinærskule” i 5-6 år… Den einaste plassen i Noreg ein kan på ein slik skule, er i Oslo. Men i Oslo må man ha veldig gode karakterar for å komme inn. Det er derfor mange som vil bli dyrlege reiser til Ungarn eller Tyskland eller andre plasser for å gå på skule der heller. Eg har ikkje så veldig lyst å gå på skule i Ungarn, så eg trur eg må satse på å få gode nok karakterar til å komme inn i Oslo ;)
Men det kan jo godt vera at når eg blir eldre, at eg ikkje har lyst til å bli dyrlege/veterinær i det heila tatt! Men derfor er planen min å gå på Studiespesialisering uansett, slik at eg har mange muligheter når eg skal bestemme meg skikkeleg.
xoxo Marihøna <3
Det er godt at du har god tid til å tenke på dette. :)
SvarSlettHugs på at du bør ta realfag på studiespesialisering, slik at du i alle fall har dei faga som kreves for å komme inn på veterinærhøgskulen. Minimum 2.klasse T-matte og 3.klasse kjemi. Og så bør du gjerne ha biologi sidan det er ein viktig del av veterinærstudiet (men det er ikkje eit krav).