tirsdag 13. april 2010

Karens Jul

Karens Jul handlar om ein politimann som går forbi eit gammalt trehus som har stått tomt veldig lenge. Han høyrar eit lite skrik, og går til vindauget for å sjå. Der inne ser han ei ung jente som ligg med ein liten baby i armane. Han prøver å gå inn til ho, men døra er låst. Til slutt får han opp døra og kjem seg inn til ho. Det visar seg at ho har gøymt seg der og ventar på at ”madammen” skal komme heim igjen. ”Madammen” var ei dame som ho pleidde å jobbe hjå, men ho var bortreist fordi ho var jordmor. Ho skulle ikkje komme heim før til jul. Så Karen spurte om ho ikkje bare kunne få vere her til jul, som var om tre dagar. Han seier først nei, men etter ei stund klarar ho å overtale han. Han seier at ho kan vere der til jul, men ikkje lenger.

Dagen etter går han forbi det gamle trehuset igjen. Han ser inn i vindauget og ser at Karen ligg på sida med babyen ammande på fanget. Dagen etter går han forbi endå ein gong. Han ser inn vindauget, men legg merke til at begge to ligg i heilt same stilling som sist, og begynner å bli uroleg. Han knuser vindauget og kjem seg inn. Men når han kjem inn ligg begge to stein døde…