tirsdag 13. april 2010

Karens Jul

Karens Jul handlar om ein politimann som går forbi eit gammalt trehus som har stått tomt veldig lenge. Han høyrar eit lite skrik, og går til vindauget for å sjå. Der inne ser han ei ung jente som ligg med ein liten baby i armane. Han prøver å gå inn til ho, men døra er låst. Til slutt får han opp døra og kjem seg inn til ho. Det visar seg at ho har gøymt seg der og ventar på at ”madammen” skal komme heim igjen. ”Madammen” var ei dame som ho pleidde å jobbe hjå, men ho var bortreist fordi ho var jordmor. Ho skulle ikkje komme heim før til jul. Så Karen spurte om ho ikkje bare kunne få vere her til jul, som var om tre dagar. Han seier først nei, men etter ei stund klarar ho å overtale han. Han seier at ho kan vere der til jul, men ikkje lenger.

Dagen etter går han forbi det gamle trehuset igjen. Han ser inn i vindauget og ser at Karen ligg på sida med babyen ammande på fanget. Dagen etter går han forbi endå ein gong. Han ser inn vindauget, men legg merke til at begge to ligg i heilt same stilling som sist, og begynner å bli uroleg. Han knuser vindauget og kjem seg inn. Men når han kjem inn ligg begge to stein døde…

fredag 20. november 2009

"Når eg blir stor vil eg bli..."

Eg er ikkje sikkar på kva eg vil bli. Men eg har veldig lyst til å bli dyrlege/veterinær og jobbe med dyr. Men eg er ikkje sikkar på om det bare er ein ”barnedrøm” eller om eg faktisk vil det når eg blir eldre også… Men det høyres veldig kjekt ut. Dersom eg skal bli dyrlege/veterinær, så vil eg jobbe med smådyr som katter og hundar og slike dyr.
Når vi var med nokon på jobb i 8.klasse, var eg med naboen min på jobb. Han er dyrlege. Men han jobbar med kyr, gris og sau og slike dyr.
Dersom eg skal bli dyrlege må eg gå på Studiespesialisering i 3 år, og etterpå må eg gå på ”vetrinærskule” i 5-6 år… Den einaste plassen i Noreg ein kan på ein slik skule, er i Oslo. Men i Oslo må man ha veldig gode karakterar for å komme inn. Det er derfor mange som vil bli dyrlege reiser til Ungarn eller Tyskland eller andre plasser for å gå på skule der heller. Eg har ikkje så veldig lyst å gå på skule i Ungarn, så eg trur eg må satse på å få gode nok karakterar til å komme inn i Oslo ;)
Men det kan jo godt vera at når eg blir eldre, at eg ikkje har lyst til å bli dyrlege/veterinær i det heila tatt! Men derfor er planen min å gå på Studiespesialisering uansett, slik at eg har mange muligheter når eg skal bestemme meg skikkeleg.

xoxo Marihøna <3

fredag 6. november 2009

Når den tredje månen kommer <3

Det er en kjempe kjekk bok som anbefales sterkt. Den handler fortsatt om Emma og Henrik som fant en bok på et bibliotek og som har havnet i en annen verden. De møter en trollmann som heter Morkelhatt som er veldig mystisk, men de bestemmer seg for å stole på han. Fordi dersom de hjelper ham å klekke en basilisk, så sier han at han skal hjelpe Irma og brødrene og hjelpe de til å reise hjem igjen. Men ting går ikke som de hadde trodd når den tredje månen titter fram på himmelen. Landsbyen blir øde, og det er varulvene som herjer i gatene. Og når Emma og Henrik hjelper Morkelhatt til å klekke en basilisk, går alt galt. Og dersom de ikke klarer å gjøre noe for å fikse det igjen, vil hele verdenen gå under…

søndag 27. september 2009

Når den tredje månen kommer :D

Heihei :D
Eg les ei bok av Sissel Chipman som heiter "Når den tredje månen kommer".
Eg har ikkje kome så veldig langt, men den er kjempe bra til nå! ;)
Den handlar om Henrik og Emma som er syskenbarn. Emma har ein draum om ei spesiell bok som står på biblioteket i nærheten. Og dei bestemmar seg for å sjå om det bare var ein draum eller om det var sant. Det visar seg at det er sant, og den forklarar korleis ein kan reise til andre verdener. Dei følgjer oppskrifta i boka, og havnar i ein ond verden fullt med varulvar og trollmenn. Dei møtar ei jente som heitar Irma som forteljar dei heile histora om verdenen, og kvifor det er to månar på himmelen! Og det blir visst vanskelegare å kome seg heim igjen enn dei hadde trudd...
Eg har ikkje kome så mykje lenger. Men den er drit kjekk! Den anbefales sterkt! ;)

xoxo Marihøna <3

onsdag 23. september 2009

Mitt første blogginnlegg! :D

Nå har eg fått meg ein skuleblogg!
Så nå måtte eg bare teste om det virka ;)